Kommunal beredskapUønskte hendingar er ei utfordring for eit lokalsamfunn, og difor er det viktig at kommunen har planar for både førebygging, beredskap og krisehandtering.Kommunalt planverkKommunen planlegg for å kunne handtere ulykker og kriser på ein best mogleg måte. Det tyder at vi skal:• sørge for innbyggjarane si tryggleik• ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise• verne om miljø og kulturverdiar og• forhindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.Viktig informasjonskanal i kriserKommune-appen er ein viktig informasjonskanal i krise- og beredskapssituasjonar. Alle som har installert appen får viktige meldingar som kommunen sender ut. Vi tilrår difor å ha på varslar. Huker du av for interessekategorier og målgrupper kan du styre kva anna informasjon du ønsker varsel på. Eige funksjonalitet ved bortfall av ekom (elektronisk kommunikasjon som nett og telefoni)Dersom nettet skulle gå ned vil du få opp ein eige beredskapsmodus som gjer at du kan sjå naudsynte beredskapsmeldingar “offline”. Kriseleiing, kriseteam og beredskapsrådÅseral kommune har kriseleiing, kriseteam og eit beredskapsråd som blir aktivert om det skulle vere naudsynt. Kriseleiinga i Åseral kommuneKåre Einar Larsen - KommunedirektørInger Lise Lund Stulien - OrdførarAstrid Marie Engeli - StabsjefAnn-Margret Haaland - KommuneoverlegeOdd Helge Liestøl - BeredskapskoordinatorTelefonnummer kriseleiinga: 941 38 500 (aktiv i ein krisesituasjon)