VELKOMMEN TIL VETERANKVELD PÅ EVJE 28. OKTOBER!

I veke 44 blir Egenberedskapsveka 2026 markert. I samband med dette inviterer Evje og Hornnes kommune og NVIO Kristiansand veteranar frå indre Agder til ein sosial og innhaldsrik kveld på biblioteket i Evje sentrum. Arrangementet er gratis.

📅 Onsdag 28. oktober
⏰ Kl. 19.00-22.00
📍 Biblioteket i Evje sentrum


Kvelden er først og fremst ein møtestad for veteranar frå internasjonale operasjonar og oppdrag. 
I tillegg blir det eit spennande program med mellom anna:
🔹Presentasjon av NVIO (Noregs Veteranforbund for internasjonale oppdrag)
🔹Informasjon om veteranplanen til kommunen
🔹Foredraget «erfaringar frå Operasjon Interflex», ved ein lokal veteran
🔹Foredraget «Der krigen er nærast – frå Noreg til frontlinja i Ukraina», ved Hans Hermansen
🍕 Det blir servert pizza og brus.


Alle veteranar i indre Agder er hjarteleg velkomne!
Av omsyn til serveringa ønskjer vi påmelding på førehand. 

Meld deg på her: https://forms.cloud.microsoft/e/r3Y2N6RCPF