Utdeling av kulturpris- og stipend 2026

Åseral kommune sin kulturpris og kulturstipend 2026 vart delt ut 17. mai, under folkefesten i fleirbrukshallen. Gratulerer!

Kulturprisen 2026

Kulturprisen for 2026 går til eit unikum av eit menneske som gjennom ei årrekke har vore å sjå i det meste av frivillig arbeid i bygda. Ho yter verkeleg det «lille ekstra» for å skape og halde ved lag gode møteplassar, og har vore ein enorm ressurs for bygdefolket.

Ho er og har vore aktiv i ei rekkje lag og organisasjonar, mellom anna Åseral sanitetsforening, Bygdekvinnelaget, Lognavatn Vel og Åseral Frivilligsentral.

I mange år var ho med og stelt i stand søndagsmiddag på Lognavatn, og ho har vore trufast kjøkkenhjelp under Bygdeutstillinga. Fram til desember 2024 var ho ein del av leiartroikaen for Open dag på Åseralsheimen, der ho hadde full oversikt over både faste og nye deltakarar sine ønskje og behov.

Ho er også frivillig på eit av «kompelaga» på Åseral bedehus. Til faste tider finn ein henne på Bruktbutikken Omatt, med tydelege og bestemte meiningar, men samstundes eit mjukt og omtenkeleg hjarte. Ho set seg gjerne i bilen etter stengetid for å sjekke noko for ein potensiell bruktvarekunde.

Årets kulturprismottakar engasjerer seg i stort og smått. I ei årrekkje har ho samla inn klede til Russland og organisert basarar til inntekt for Kreftforeininga. 
At ho til og med var sommarvikar på Åseralsheimen sommaren 2023 og 2024, på grunn av bemanningsmangel, seier sitt om kor mykje ho legg ned av eigen innsats når det trengst.

Ho køyrer folk frå A til B, tek dei med på turar og tek vare på menneska rundt seg med sitt blide og sosiale vesen. Ho kallar ein spade for ein spade, og er ikkje redd for å ta i eit tak.

Ho har òg svært god kjennskap til historia i Åseral og menneska som har budd her, og Åsdølen kan vi framleis glede oss over i papirform takka vere hennar underskriftkampanje.

At ho no har passert 80 år, ser ikkje ut til å setje nokon stoppar for eit rivjern som Halldis.

Åseral kommune sin kulturpris 2026 går til Halldis Smeland! 

Kulturstipend 2026

Mottakaren av kommunen sitt kulturstipend har i mange år vore eit aktivt medlem i idrettslaget og ein god representant for Åseral kommune. Han er blid og positiv, og ein særs god person å ha i idrettsmiljøet.
Han gir alt i konkurransar og har gjort seg merksam i fleire arrangement.

Han har vore ein viktig person i Sykkelaksjonen, der han har bidrege med mykje hjelp og ikkje minst god støtte til syklistane. Han har vore med dei på mange treningstimar som følgjebil, hjelpar og altmoglegmann. To gonger har han fulgt syklistane frå Nordkapp til Lindesnes. Eiga søvn og kvile på turane vart ofra for at syklistane skulle få mat, kvile og varme klede, og kome trygt fram. På desse turane vart det samla inn store summar til Barnekreftforeininga.

Han er sjølv aktiv innan mellom anna sykling, løping, triatlon og ski, og er på den måten eit godt førebilete for mange. Han har delteke på ei rekkje arrangement, både lokalt og nasjonalt.
I november 2025 kunne vi følgje han då han deltok på Bislett 24 i Oslo, eit NM der målet er å springe så langt ein klarer på 24 timar. Han fullførte og tilbakela heile 155 km – svært imponerande!
Vi ser fram til å sjå meir til han i idretten i åra som kjem.

Åseral kommune sitt kulturstipendet 2026 går til Torjus Aasland!