Søknadsfrist 1. august - Kulturskulen i Åseral

Kulturskulen i Åseral har enkeltundervisning og gruppeundervisning i ulike disiplinar. All undervisning gjeng føre seg i Kyrkjebygd, anten på Minne kultursenter, musikkrommet på skulen eller i gamle gymsal.  

Kulturskuletibod

Kulturskulen har enkeltundervisning og gruppeundervisning i ulike disiplinar. Det er ingen øvre aldersgrense for å bli med i kulturskulen.

Kulturskuletilbod
DisiplinTypeLærar
Gitar (el-gitar og akustisk)EnkeltundervisningStig Rocknrolfsen
BassgitarEnkeltundervisningStig Rocknrolfsen
PianoEnkeltundervisningAnne Kristine Arnesen
TrommerEnkeltundervisningAlf Tore Rasmussen
BandGruppeundervisningStig Rocknrolfsen
PanfløyteEnkeltundervisningMelanie Fiedler
TverrfløyteEnkeltundervisningMelanie Fiedler
Visuell kunst GruppeundervisningMelanie Fiedler
Dans (moderne, pop, arabisk)Gruppeundervisning *mogelegheit for enkeltundervisningTetiana Soloviova

 

Band: 
For alle som har lyst til å spele i band – både nybegynnarar og dei med erfaring. Det er ein fordel om du kan spele eit instrument, men det er ingen krav. Ved mange søkjarar set vi opp fleire grupper på ulike nivå.

Innmelding

Søknadsfrist for haustsemesteret er 1. august. Søknadsfrist vårsemester er 15. desember. 
Dersom du er elev og skal halde fram treng du ikkje søke på nytt.

Digitalt søknadsskjema finn du her!

NB! Send inn ein separat søknad for kvar elev dersom det er fleire i husstanden.

Utmelding

Alle som har plass vil bli vidareført til neste semester om plassen ikkje vert sagt opp innan fristen.

Skjema for oppseiinga av plass i kulturskulen finn du her

Pris

KONTINGENT 2026: (Vedtak kommunestyret kvart år)

Søskenmoderasjon

20% frå elev nummer 2, 30% frå elev nummer 3 i samme husstand:
Den første eleven full pris, elev nummer to får 20% redusert kontingent, elev nummer tre får 30% redusert kontingent. Det blir gitt søskenmoderasjon for ein kontingent per elev i same husstand.

Retningslinjer

Retningslinjer for kulturskulen (PDF, 183 kB)