Nytt tilbod i Kulturskulen - Blåseinstrument
Gratis prøveperiode fram til jol:
Har du lyst til å lære eit blåseinstrument? No tilbyr Kulturskulen opplæring i saksofon, trombone og fleire messinginstrument som kornett, horn, baryton og tuba.
Tilbodet passar både for nybyrjarar og dei som har spelt litt frå før. Det blir også enkel notelære, og dersom interessa er stor nok, kan vi starte eit lite aspirantkorps.
For å gi fleire høve til å prøve seg, tilbyr kulturskulen ein gratis prøveperiode fram til jol med oppstart fortløpande. Undervisninga går føre seg på måndagar.
Ønskjer du å halde fram etter nyttår, må det søkast ordinært opptak til vårsemesteret.
Ta kontakt med kulturskulen eller direkte med lærar Christina Rasmussen (938 29 467) dersom du vil vite meir eller melde deg på!
Her kan du lese meir om kulturskulen i Åseral: Kulturskulen i Åseral - Åseral kommune