Kort fortalt
- Sjølvregistrering er frivillig.
- Du loggar inn med ID-porten hos Kartverket.
- Du kan kontrollere og registrere opplysningar om bustaden din.
- Registreringa endrar ikkje automatisk dataa til kommunen.
- Du kan oppdatere eller slette eigne registreringar seinare.
Registrer opplysningar om eigedomen din i Kartverket si løysing
Kva er matrikkelen?
Eigedomsregisteret (matrikkelen) er Noregs offisielle register over eigedomar, bygningar, adresser og eigarforhold. Kommunane registrerer opplysningar i matrikkelen som ein del av arbeidet sitt. Nokre opplysningar kan vere gamle eller ufullstendige. Difor kan du no bidra med informasjon om eigen bustad eller fritidsbustad.
Kvifor er dette viktig?
Korrekte opplysningar gir fordelar både for deg og samfunnet.
For deg kan riktige opplysningar bidra til:
- riktigare grunnlag for lån
- riktigare forsikring
- riktigare skatt og avgifter
- betre dokumentasjon av bustaden din.
For samfunnet gir oppdaterte opplysningar:
- betre beredskap for naudetatar
- betre planlegging
- meir korrekte offentlege register.
Kva kan eg registrere?
Du kan mellom anna registrere:
- byggjeår
- vatn og avløp
- bruksareal
- energikjelde
- oppvarming.
Slik gjer du
- Logg inn: Logg inn på Kartverket si løysing med ID-porten.
- Sjekk opplysningane: Sjå kva opplysningar som allereie finst om eigedomen din.
- Registrer eller rett: Registrer dei opplysningane du meiner er rette. Du treng vanlegvis ikkje laste opp dokumentasjon.
- Oppdater ved behov: Du kan seinare endre eller slette opplysningar du sjølv har registrert.
Viktig å vite
- Sjølvregistrering er frivillig.
- Opplysningane du registrerer, overskriv ikkje automatisk dataa til kommunen.
- Kommunen vurderer eventuelle oppdateringar separat.
- Dersom kommunen oppdaterer registrerte opplysningar, vil du få informasjon om dette.
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Om du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakta Kartverket her. Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakta kommunen for å få det retta. For meir informasjon, sjå https://mineiendom.kartverket.no/kom-i-gang