Kosthold for livet - vinn eit gåvekort!
Kosthald for livet har som mål å auke kunnskapsnivået om mat i Setesdal-regionen, slik at det blir enklare å ta gode matval i kvardagen. Som ein del av prosjektet ønskjer vi å kartleggje matvanane og behova i regionen årleg. Målet er å få innspel om mat og kosthald i Setesdal-regionen, og svara vil gi oss viktig kunnskap som kan nyttast til å utvikle tiltak og tilbod tilpassa innbyggjarane våre.
Kva meiner du om mat og kosthald?
Svar på undersøkinga om mat og kosthald, og bli med i trekkinga av eit gåvekort på 1000 kr i valfri matbutikk i region Setesdal. Scan QR-koden i bildet for å delta!