Jakttida er i gang – vis omsyn når du ferdast i naturen

Seinsommaren og hausten er ei fantastisk tid for turar i fjell og skog i Åseral. Samstundes markerer denne tida starten på årets jaktsesong, og vi minner difor alle som ferdast i utmarka om å vere merksame og vise omsyn.
Jakttradisjonane står sterkt i Åseral, og gjennom hausten vil det vere jakt på mellom anna rådyr, hjort og elg. Med mange aktive jaktlag i kommunen kan du difor møte jegerar når du er ute på tur.

Jakttider

Elg: 25. september – 23. desember
Hjort: 1. september – 23. desember
Rådyr: 25. september – 23. desember
Vaksen rådyrbukk: 10. august – 23. desember
 

Det er framleis trygt og fint å bruke naturen gjennom jaktsesongen. Utmarka er for alle, men nokre enkle forholdsreglar kan gjere det lettare for både turgåarar og jegerar å ferdast side om side.

Åseral kommune tilrår mellom anna å:
- kle seg synleg, gjerne i sterke fargar
- bruke merkte stiar og grusvegar
- velje turstiar og vegar nær sentrum i periodar med mykje jakt
- ta kontakt med jegerar du møter og spørje kvar jakta går føre seg
- vise omsyn til både jegerar, andre turgåarar og viltet
 

Hovuddelen av jakta går føre seg dei første vekene av jaktsesongen, og aktiviteten vil difor variere gjennom hausten.

God tur – og vis omsyn til kvarandre!