Me er kjende med at fleire abonnentar på Ljosland dei siste vekene har opplevd utfordringar med smak og lukt på drikkevatnet, skildra som ein myraktig smak eller lukt.
Ljosland vassverk nyttar Farevatn som råvasskjelde. Reinseanlegget ved vassverket leverer gode reinsingsresultat, og dei regelmessige vassprøvane som vert tekne viser at drikkevatnet oppfyller alle gjeldande krav til drikkevasskvalitet. Det er difor viktig for oss å understreka at vatnet er trygt å drikke, sjølv om enkelte kan oppleva uønskt smak eller lukt.
For å betra situasjonen har me gjennomført fleire utspylingar av leidningsnettet, siste utspyling blei gjennomført Tysdag 28.7. Dette er eit tiltak som bidreg til å skifta ut vatnet i leidningane og redusera utfordringar knytte til smak og lukt.
Ljosland vassverk forsyner i hovudsak hytteområde, i tillegg til nokre fastbuande. Forbruket varierer difor mykje gjennom året, og i enkelte delar av leidningsnettet er det periodar med låg vassomsetning og avgrensa sirkulasjon. Dette gjeld særleg på endestrekningar og i område med få abonnentar. Når forbruket er lågt, tek det naturleg nok lengre tid før nytt vatn erstattar vatnet som står i leidningane. Difor kan det og ta noko tid før enkelte abonnentar merkar full effekt av tiltaka som er sette i verk.
Me følgjer situasjonen tett og vi vurderer ytterlegare tiltak. Samstundes ønskjer me å beklaga dei ulempene denne situasjonen har medført for hytteeigarar og andre abonnentar på Ljosland.