Hans Majestet Kong Harald V er død

Det er med djup sorg vi har motteke melding om at Hans Majestet Kong Harald V er død.

Bilete av kongeparet utanfor Minne kultursenter i samband med då dei vitja Åseral i mai 2024. - Klikk for stort bileteBilete av kongeparet utanfor Minne kultursenter i samband med då dei vitja Åseral i mai 2024. Odd Helge Liestøl

 

Vi vil minnast Hans Majestet med kjærleik og takksemd! Kongen var samlande og raus, hadde godt humør, var klok og gav alt for Noreg.

Kongens bortgang rører ved oss alle. I mai 2024 var vi heldige og fekk besøk av kongeparet i Åseral. Dette var ein festdag som vi alltid vil hugse. Våre tankar går til den kongelege familien.

Inger Lise Lund Stulien
Ordførar

 

 

 

 

 

Det er lagt ut kondolanseprotokoll på rådhuset i sørgeperioden.

Du kan lese meir om kongens bortgang her på regjeringa si side

Veiledning til den nasjonale sørgeperioden