Er du vår neste brannkonstabel?

Sju ledige stillingar i Brannvesenet SØR! Manglar du spenning i kvardagen, og ønskjer du å gjere ein viktig innsats for lokalsamfunnet ditt? Vi har ledige deltidsstillingar som brannkonstabel og røykdykkar ved fleire av stasjonane våre.

Deltidsjobb som brannkonstabel

Nesten to tredelar av alle brannkonstablar i Noreg arbeider deltid. Det betyr at du kombinerer jobben hos oss med ditt vanlege yrke og kvardag. Når alarmen går, stiller du opp for å trygge nærmiljøet.

Sentrale oppgåver

Som deltidskonstabel rykkjer du ut ved brann, ulukker og andre akutte hendingar. Du deltek òg på jamlege øvingar for å halde ved like ferdigheitene dine.

Kvalifikasjonar og krav

  • Godkjend helseattest, samt fysisk og psykisk skikkaheit for røykdykking
  • Symjedyktig
  • Godkjenning frå din hovudarbeidsgjevar om deltaking i brannvesenet
  • Førarkort (klasse B er påkravd, klasse C/BE er ein fordel eller eit krav avhengig av stasjon)
  • Tilfredsstillande vandel (uttømmande politiattest er påkravd)
  • Bu og/eller arbeide innanfor 4 minuttars køyreavstand frå brannstasjonen
     

Vi ønskjer ein personellsamansetnad som speglar mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje.

Søknadsfrist: 6. september 2026

Snarveg til søknadsskjema Brannvesen Sør!