Endringar i kollektivtilbodet i Åseral frå 1. juli

Frå 1. juli 2026 vert det endringar i kollektivtilbodet i Åseral. Den faste bussruta mellom Evje og Åseral vert erstatta av bestillingstenesta AKT Svipp, og all reise må bestillast på førehand. 

Agder Kollektivtrafikk (AKT) gjer endringar i kollektivtilbodet i Åseral frå 1. juli. Linje 178 mellom Evje og Åseral blir då lagt om til AKT Svipp, ei fleksibel bestillingsteneste der transporten berre blir gjennomført når nokon har bestilt reise.

AKT Svipp er eit tilbod for alle aldersgrupper og skal dekkje transportbehovet i kommunen. Reiser må bestillast seinast to timar før avgang, anten på nett eller via telefon.

Den nye løysinga vil i hovudsak køyre kortaste veg mellom Evje og Bortelid gjennom Dåsvannsdalen, med samband til og frå Kyrkjebygda og Ljosland. Avgangane frå Evje er tilpassa korrespondanse med linje 170. 

Samstundes blir ordninga med sending av gods på rutebuss i Åseral avvikla frå 1. juli 2026. AKT Svipp er ei persontransportteneste og kan ikkje nyttast til godstransport. 

Reiser med AKT Svipp kostar det same som ei vanleg bussreise innanfor same sone, og dei ordinære billettprodukta til AKT kan nyttast. 

For meir informasjon om rutetider, bestilling og prisar, sjå informasjon hos AKT: AKT Svipp Åseral

Illustrasjonsbilete for AKT Svipp - Klikk for stort bilete Fylkeskommunen