Frå venstre: Jan Stangvik, Lisbeth Thorsland, Kjell Terje Flottorp, Natalie Smeland Sannes, Hennie Engedal Lindøe, Jan Sigvald Thorsland, Oddmund Ljosland og Bjarne Haugstad
Inger Lise Lund Stulien
Om Thorsland Elektro
Thorsland elektro har no 6 elektrikarar og ein lærling, dei har hatt heile 18 lærlingar opp gjennom åra. Det blir lagt vekt på at lærlingane skal ha «fullverdige» arbeidsoppgåver frå start, det er viktig både for trivsel og for å raskt lære seg arbeidet.
Arbeidsoppgåver og Prosjekt
Hyttebygging har vore og er viktig for firmaet. Sjølv om det no er ei tid med mindre etterspurnad etter nye hytter, er det arbeid med oppgradering av eksisterande hytter. I tillegg har dei ei stor oppgåve med det nye sentrumshuset på Bortelid.
Dei har òg eit stykke arbeid på hus, og samarbeider godt med firma i Åseral som FH-Bygg og Åseral Byggteneste. Samarbeidspartnarar og marknader finst òg i nærliggande kommunar Hægebostad, Lyngdal og Setesdal. Dei peikar ut at arbeidet går lett når ein har kjende aktørar å samarbeide med.
Dei har òg ein avtale med Åseral kommune.
Elles er dei smidige: Dei driv med alt frå jordbrukskontroll og arbeid med installering av mjølkerobotar til montering av elbil-ladarar, smartstyring og kommunikasjonsutstyr. Dei satsa òg på solceller ei stund, men marknaden for dette forsvann nærast då subsidier og straumstøtteordningar kom på plass.
Dei erfarte at det er ein hard prismarknad der utgiftene stadig aukar.
Fokus på tryggleik og utdanning
Det er ikkje utan fare å arbeide med straum, og difor er det stort fokus på tryggleik, med krav om årlege kurs om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg.
Firmaet er glade for at dei har Jan Sigvald, som er flink til å setje seg inn i nye forskrifter og krav som er avgjerande for å halde seg oppdatert.
Arbeidsmoglegheiter
Thorsland Elektro har masser av arbeid og behov for fleire folk, helst lokale. Nærmaste stad for å ta utdanninga er Byremo vidaregåande skule, før ein går ut i lære.
Vi rår deg til å ta ein prat med gjengen i Thorsland Elektro dersom du kan tenkje deg ein variert jobb med utvikling og spenning!
Det er glimrande at vi har denne viktige bedrifta i kommunen vår!