Verkstad med brei kompetanse
Bedrifta har eigen slangeverkstad og utfører arbeid innan platearbeid og sveising. Dei leverer alt frå små, lokale reparasjonar til spesialoppdrag over store delar av landet. Vektlegging av kvalitet, pålitelegheit, konkurransedyktige prisar og evna til å finne gode og praktiske løysingar er viktig.
Varierte oppdrag og løysingar
Mellom oppdraga finn vi trapper og rekkverk, arbeid for kraftverk, tunnelprosjekt og løysingar knytte til kraftanlegg. Dei har mellom anna levert høgdehinder i tunnelar på E39, montert lenser på dammar og levert rekkverk og trapper i Fjæreheia for Kilden. Den store breidda i oppdraga viser både kompetansen og allsidigheita som finst i bedrifta.
Oppdrag over store geografiske område
Bedrifta tek oppdrag i mange geografiske retningar, frå Setesdal og Hallingdal til Trondheim. Som det vart sagt med glimt i auga under besøket: Når ein held til i Åseral, er ein på eit vis «like tilgjengeleg eller utilgjengeleg» same kva retning ein skal.
Rask hjelp til lokalsamfunnet
Når ein bonde eller andre treng hjelp på kort varsel, stiller dei opp, noko både Bjarne og Oddmund kunne stadfeste. Sjølv om slike oppdrag ikkje alltid er dei største, har dei stor verdi for landbruket og lokalsamfunnet vårt.
Krav til kompetanse og variasjon i arbeidet
Dei tilsette må vere både fagleg dyktige, sjølvstendige og løysingsorienterte. Oppdraga varierer mykje, og evna til å finne løysingar ute på jobb er avgjerande. Nettopp denne variasjonen blir òg trekt fram som noko av det mest givande ved arbeidet.
Kompetanseheving og HMS
Under besøket fekk vi òg innblikk i kor viktig kompetanseheving, sertifiseringar og HMS er. Krava er omfattande og nødvendige, men inneber òg betydelege kostnader og mykje administrativt arbeid for ei lita bedrift.
Verdiskaping lokalt og regionalt
Åseral Mekaniske er eit godt døme på korleis dyktige fagfolk, arbeidsglede og lokal forankring skaper verdiar både i kommunen og langt utanfor kommunegrensene.
Takk for besøket, og lukke til vidare!
Ordførar Inger Lise og Næringsrådgjevar Hennie