Behovet for hjelp er større enn nokon gong
Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt. Pengane skal blant anna gå til telt, naudbustader, mellombelse heimar, vatn og sanitærhjelp.
Innsamling i Åseral kommune
Her i kommunen vil innsamlinga gå føre seg sundag 18. oktober frå kl. 15:00/15:30 og utover.
Betaling med Vipps
Har du ikkje kontantar kan du betale med Vipps til bøsseberaren. Det er ein QR-kode på bøsseetiketten, og når den blir skanna blir beløpet med på oversikta for Åseral kommune. Dette gjeld berre innsamlingsdagen. For å følgje med på TV-aksjonen fortløpande: www.giverstafett.no
Vis kreativitet og engasjement
Vi vil oppmode til kreativitet og engasjement for å samle inn pengar!
Støtt opp om TV-aksjonen
Vi håpar DU vil støtte opp om TV-aksjonen og ta godt imot bøsseberarane!
TUSEN TAKK FOR DITT BIDRAG!
Plakat