Ope kvar dag heile sumaren!
Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren. Her kan du kome å lese dagsferske avisar på biblioteket, du kan prøve dei freshe styltene som står på utsida, eller du kan sette deg og nyte ein is i ro og mak.
Kaffistova sel kompe, rjomegraut, pizza, kaffi, slush, smoothie, is, cookies, donuts, frappe med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.
På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.
Dokumentarfilmen Gardsliv i Åseral - Premiere 1. juli
Med seg på prosjektet fekk dei Åseral sogelag og Åseral kommune.
Det er og laga ei utstilling, faktisk historias største utstilling på Minne kultursenter!
Gardsdag på Minne 8. juli
Klokka 10:00 opner vi dørene for årets familiedag på Minne!
I løpet av dagen kan du besøke forskjellige stand som nortura, jæren toppmat, Tine, Saug og geit, agder bondelag, skogeigarlaget og landbruksrådgivning.
Det blir fleire lokale utstillarar her denne dagen som viser deg handtverk av forskjellig slag, og du kan få sjå korleis ein røyker fisk.
Det blir demonstrasjon av saueklypp, skoing av hest og vi får sjå ein dreven sauehund i aksjon.
Vi arrangerer fleire aktivitetar og konkurranser for store og små, som blant anna øksekasting og mjølkespannhalding. Her er det altså fritt fram for å måle styrke mot naboen ;)
Veteranbilhelg - 15. og 16. juli
Denne helga vil Kyrkjebygd bugne av veteran- og amcarbilar, det blir gudsteneste, dans, trekkspillmusikk, samlarmesse, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!
Laurdag 15. juli:
- Antikk og samlarmesse i fleirbrukshallen
- Ljosland fjellstove sel mat i kantina på skulen
Sundag 16. juli
- Veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00
- Hægebostad trekkspilklubb speler opp til dans på Minne klokka 14:00
- Antikk- og samlarmessa i fleirbrukshallen er ope frå 11:00-17:00