Når det gjeld gruppeundervisning så vil dette krevje ei viss deltaking før dette blir sett i gang. Nærare opplysningar og bindande påmelding for desse vil me difor kome attende til.
Disiplin | Type | Undervisningsstad |
Gitar | Enkeltundervisning | Kyrkjebygd |
Panfløyte | Enkeltundervisning | Kyrkjebygd |
Tverrfløyte | Enkeltundervisning | Kyrkjebygd |
Piano | Enkeltundervisning | Kyrkjebygd/Skulen |
Trommer | Enkeltundervisning | Kyrkjebygd/Skulen |
Visuell kunst | Gruppeundervisning | Kyrkjebygd/Minne |
Dans (sjangre som moderne, pop, arabisk) | Gruppeundervisning | Kyrkjebygd/Skulen |
Innmelding
Søknadsfrist om plass for hausten 2023 er 1. juli. Søknadsfrist vårsemester 15. desember.
Dersom du alt er elev og skal halde fram treng du ikkje søke på nytt.
Digitalt søknadsskjema finn du her!
NB! Send inn ein separat søknad for kvar elev dersom det er fleire i husstanden.
Utmelding
Alle som har plass vil bli vidareført til neste semester om plassen ikkje vert sagt opp innan fristen.
Skjema for oppseiinga av plass i kulturskulen finn du her
Pris
KONTINGENT 2023: (Vedtak kommunestyret kvart år)
Type undervisning | Pris per semester | Pris per år |
Soloundervisning | 1600,- | 3200,- |
Gruppeundervisning | 800,- | 1600,- |
Materiellkostnader kunst | 500,- | 1000,- |
50% søskenmoderasjon i foreldrebetalinga for den yngste eleven frå og med søsken nr.3.