Formål
Påvisning og eventuell nymerking av grense etter målebrev/matrikkelbrev.
Dette gjeld grenser som er koordinatbestemt i tidligere kart- og delingsforretning eller oppmålingsforretning.
Det kan og rekvirerast oppmålingsforretning for det som gjeld klarlegging av eksisterande grense etter eldre dokument, til dømes skyldskifte/skylddeling.
Kven kan rekvirere
- Påvisning med nymerking av eksisterande grenser kan rekvireres av heimelshavar, festar, advokater, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt jf. matrikkelova § 17.
- I dei tilfella kor det er eit firma som er eigar av eigedomen, blir det forlanga ein vedlagt firmaattest av nyare dato.
Rekvisisjonen skal innehalde
- På rekvisisjonskjemaet krysses det av på pkt.3.2; "Klarlegging av eksisterande grense......"
- Kart der det tydelig går fram kva for punkt som skal merkast på nytt, eller kopi av målebrev/skylddeling der punkta er markert/beskrive.
Saksgang
- Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, blir varsel om tidspunkt for oppmålingsforretninga sendt til rekvirent og naboar til den aktuelle grensestrekninga.
- Partene blir varsla seinast 2 veker i forkant hvis ikkje anna er avtalt (jf. matrikkelforskriften § 37).
- Dersom nokon skal møte i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt.
- Syner til matrikkelforskrifta § 36, klarlegging av eksisterande grense.
- Under oppmålingsforretninga påviser landmålar dei grensepunkt som i følgje rekvisisjonen skal påvisast og merkast på nytt.
- Nye grensemerke blir eventuelt sett ned og målt.
- Det skal førast protokoll over kva som er klarlagt og avtalt ved forretninga.
Matrikkelbrev
- Etter at oppmålingsforretninga er halden vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedomen som har fått klarlagt sine grenser.
- Dette sendes rekvirentane og partane med 3 vekers klagefrist frå det tidspunkt då man har motteke matrikkelbrevet.