Å Energi melder at TT Anlegg planlegge anleggsstart med tilrigging frå måndag 29. april. Ein del av tilrigging vil vere å avgrense anleggsområdet for å halde uvedkommende borte.
Deretter vil det gradvis bli meir anleggsaktivitet og anleggstrafikk på vegen.
Det vil bli skilta i starten av Juvassvegen med «ANLEGGSTRAFIKK» og/eller «ANLEGGSOMRÅDE», men vegen vil ikkje bli fysisk sperra.
Vegen opp ved dammen vil bli stengt og damområdet vil ikkje bli tilgjengeleg.
Anleggstida vil vare til desember 2025, og det vil muligens også vere aktivitet gjennom vinteren 2024-25.