Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhetsarkiv

Spørjeundersøking om bustad

Det arbeidast med bustadplan for Kyrkjebygd sentrum.

For å få status på kva innbyggjarane har behov for, no og i framtida, har kommunen sendt ut ei spørjeundersøking om bustadsituasjonen til alle innbyggjarane i kommunen (dei som fyllar 16 år i løpet av året og oppover). Spørjeundersøkinga vil vere med å danne grunnlag for det vidare arbeidet med utviklinga av Kyrkjebygd sentrum. Du har fått varsel på sms og e-post med lenke til undersøkinga. Dei som ikkje kan svare digitalt kan hente papirutgåve på rådhuset i åpningstida.

For at kommunen skal få eit godt bilete av kva behovet er, er det viktig og ønskeleg at alle tek seg tid til å svare.

Alle som svarar på undersøkinga kan bli med i trekninga av 5 gåvekort på Coop Prix Åseral på kr. 1.000,-. Vilkåret er at du legg inn e-post adressa di. Frist for å delta er 14.mai.

NB! Grunna teknisk feil så blei det sendt ut 2 e-postar tysdag 30.april, men det er den siste som gjeld/fungerar.

Leilegheitsbygg i Birkeland sentrum, foto Kari Røynlid

Gratis hjelp til nyetablering gjennom Driv Agder

Det er etablert eit eige interkommunalt selskap som skal tilby hjelp til nyetablerarar i heile Agder. Fylkeskommunen og dei fleste kommunane i Agder, mellom desse Åseral, er eigarar i selskapet som kan sjåast på som ei vidareutvikling av det som tidlegare blei kalla EVA-senteret.

Selskapet har fått namnet Driv Agder.  Selskapet tilbyr gratis vegleiing og kunnskap for deg som ønskjer å etablera eiga verksemd i Agder. Driv Agder sine rådgjevarar er klare til å hjelpe deg med dine utfordringar.

Bestill time hos Driv Agder

Logo Driv Agder

Flyfotografering 2024

Åseral kommune skal våren/sommaren 2024 flyfotografere. 

Området som skal flyfotgraferes er frå og med Kyrkjebygda og sør til grensa mot Lyngdal/Hægebostad. Det vil bli avgrensa i aust mot Evje og Hornnes grense og i vest ca Nåvatn.

Statens kartverk har laga ein artikkel om kva dette inneber, den kan du finne HER 

Har du spørsmål til dette så kan du ta kontakt med Odin Refsnes, Åseral kommune, tlf: 976 48 330.

Illustrasjonsfoto fastmerke flyfotografering

Verdas vatndag - 22. mars

I Åseral blei dagen markert på skulen. Tilsette innan drikkevatn hadde saman med kommuneoverlege Ann-Margret Haaland eit opplegg med 5 klassetrinn på skulen. Informasjon om vatn, filtering av vatn og prøvesmaking stod på programmet. Prøvesmakinga med blindtest viste at det kommunale vatnet er best. Best i test blei vatnet frå Eikerapen. Kjøpevatnet kom dårlegast ut i test. 

Prøvesmaking

Snart byrjar arbeid med utbetring av Juvassdammen

Å Energi melder at TT Anlegg planlegge anleggsstart med tilrigging frå måndag 29. april. Ein del av tilrigging vil vere å avgrense anleggsområdet for å halde uvedkommende borte.

Deretter vil det gradvis bli meir anleggsaktivitet og anleggstrafikk på vegen.

Bilete av Juvassdammen

Vil du bli meddommar?

Åseral kommune skal våren 2024 velje nye meddommarar for perioden 2025 – 2028. Valutvalet i kommunen oppfordrar allmenta til å foreslå aktuelle kandidatar. Frist 15. april.

Bilete av ei klubbe

Har du hugsa å søke om ferdigattest?

Når du er ferdig med eit søknadspliktig tiltak, må du søke om ferdigattest. Dette gjelder mellom anna nye bygg, tilbygg og innlegging av VA. 
Kommunen ser at det spesielt ved søknad om innlegging av VA er mange som ikkje søker om ferdigattest. 

Illustrasjonsfoto ferdigattest[1]