Det finst mange typar søknad om bygg, sjølvsagt avhengig av kva som skal byggjast.
Innhaldet er meir enn 1 år gammalt, og kan vere utdatert.
Regelendringar mai 2021
Frå mai 2021 vart byggereglane forenkla. Du kan lese meir om kva som er friteke søknadsplikt her: Direktoratet for byggkvalitet. Sjå også byggesaksforskriften med rettleiing for utfyllande informasjon om forskjellige tiltak og søknadsplikt.
Elles oppmodar me til å ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil. Det er betre med dialogen tidleg i prosessen slik at ein kan unngå unødige forseinkingar. Kommunen er pliktig til å arrangere førehandskonferanse om nokon bed om det.