Sumar på Minne 2026

Minne kultursenter held ope frå 20 juni til og med 9. august! Opningstidene er 10:00-17:00 kvar dag.

Ope kvar dag heile sumaren!

Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren.

Kaffistova sel kompe, rjomegraut, toast, kaffi, slush, is, cookies, donuts med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.

På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.

Filmframsyning kvar dag!

Minne kultursenter inneheld lokalhistorie i form av utstillingar med tilhøyrande dokumentarfilm. 
Denne sommaren viser vi eit utval av filmane til faste klokkeslett kvar einaste dag. Billett kjøpast i døra.

10.30     I Lordens fotefar - Lord Salvesen
11.30     Utvandringa frå Åseral til Amerika
13.00     Gardsliv i Åseral
15.00     Vasskraft - vegen til velstand

Vaksen (16+): 120,-  |  Ungdom (12-16 år): 80,-  |  Born under 12 år: Gratis

Vev-utstilling, borneaktivitetar og foredrag 20. juni

12.00-14.00 - Biblioteket inviterer til drop‑in vev‑verkstad med Lisa Blom! Vi jobber med ulike materialer og teknikkar, og borna får hjelp med å lage eigen vev‑kunst som dei kan ta med heim. Pris: 100,-

15.00-16.00 - Bli med på ei inspirerande formidlingsstund med Lisa Blom, ein av bidragsytarane bak 
den vakre VEV-utstillinga. Gjennom levande fortellingar gjer ho oss eit dypare innblikk i kva utstillinga formidlar, og kvifor vev-tradisjonar fortsatt har stor betydning i dag.
Lisa jobber ved Husfliden i Mandal og brenn for handverk og kulturarv. Ho har lang erfaring med å formidle tradisjonar på ein måte som engasjerar både unge og vaksne.
Inngong: 100,-, Gratis for husflidslaget sine medlemmar

Familiedag 4. juli

Velkomen til sumarens gøyaste familiedag på Minne!

Klokka 12:00 blir det trylleshow med Jan Larsèno!
Klokka 13.30 skal Fia og Kari ha konsert
- Det blir aktivitetar for både store og små.
- Jæren toppmat kjem og sel lokalmat
- Coop prix inviterar til sentrumsfrokost utanfor butikken klokka 10:00 denne dagen, så vi anbefalar å starte dagen der!

Veteranbilhelg  12. og 13. juli

Denne helga vil Kyrkjebygd bugne av veteranbilar, det blir gudsteneste, trekkspillmusikk, samlarmesse, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!

Laurdag 12. juli:
- Antikk og samlarmesse i fleirbrukshallen

Sundag 13. juli
- Veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00
- Hægebostad trekkspilklubb speler på Minne klokka 14:00
- Antikk- og samlarmessa i fleirbrukshallen er ope frå 11:00-17:00

Hagekonsert 2. august

Klokka 14.00 blir det konsert i hagen med Jon Solberg og Anne Gravir Klykken. Dei speler
melodiske viser med røter i folkemusikken. 
Inngong: 150,-

Naturlostur til Rjukanlia 19. juli

19. juli er det naturlostur til Rjukanlia i Kyrkebygda - der det første kraftverket i Åseral stod
Før turen blir filmen “Vasskraft - vegen til velstand” vist kl. 11.00 på Minne. 
Så går turen til Rjukanlia, fyrst på asfaltveg, so sti og so over elva på steiner til inntaksdammen for kraftverket. Vi følgjer «den gamle rørgata» frå inntaksdammen til der kraftverket stod. Vi går over elva, følgjer denne nedover til vi kjem på sti langs elva og på asfaltveg tilbake til Minne. Gode tursko er tilrådd.

Lengde: 4 km på veg og sti i ulent terreng 
Møtestad: Minne kultursenter 
Tid: 11.00 (film) / 12.00 (naturlostur) 
Naturlos: Arna Berg 
Telefon: 905 00 467 
Pris: Kr 120,- for å sjå filmen, turen er gratis.

Naturlostur til Sosteli 30. august

30. august vert det naturlostur til Sosteli, eit øygardsanlegg frå eldre jernalder. Gardsanlegget består av fleire hustufter, åkrar, gjerdesystem og gravminne. Me vert leidd rundt i området og får høyra historia til Sosteli.

Me går frå Minne kultursenter klokka 12:15. Når me kjem til Sosteli vert me møtte av Joakim Wintervoll frå Agder fylkeskommune og Betsy Folkvord som viser oss rundt og fortel historia til Sosteli.

Det er mogleg å køyre heilt til Sosteli, men her er avgrensa med parkeringsplassar. Ta til høgre rett etter Forgardsbrua, og følg skiltinga til Sosteli.

Guiding startar kl. 13.00 i Sosteli.
Lengde: 4 km på veg og sti
Møtestad: Minne kultursenter
Tid: 12.15
Naturlos: Joakim Aalstad Wintervoll
Telefon: 995 10 513

 

Plakat med aktiviteter for sommeren 2026 - Klikk for stort bilete