Ordinære opningstider: Tysdag 10-15, onsdag og torsdag 10-17, fredag 10-15
Sommaropent: klokka 10-17 kvar einaste dag i perioden 20. juni til 9. august
Om Minne Kultursenter
Sommaren 2010 blei Minne Åseral kultursenter opna. Senteret viser Åserals kulturarv og kulturliv, med utstillingar, turistinformasjon, filmsal med lokalhistoriske dokumentarar, kafé og ikkje minst ein flott eplehage. Gjennom året arrangerast det faste og skiftande utstillingar og arrangement. Minne er ein møteplass kor folk treffast fast kvar veke, Åseral husflidslag har faste aktivitetar for born og vaksne, kulturskulen si kunstgruppe held til her og lokale lag og foreiningar lånar lokale. Biblioteket er ein del av Minne kultursenter.
Du kan leige møterom på Minne kultursenter.