TT skal brukast til fritidsreiser
Adobe Stock/romaset
TT skal ikkje brukast til reiser som blir dekte av andre ordningar, til dømes reiser til og frå lege, sjukehus, arbeid, utdanning, dagsenter eller liknande.
Formålet med TT-ordninga er å gje eit tilrettelagt kollektivtilbod til personar med funksjonsnedsettingar som oppfyller vilkåra for å bli TT-brukar.
Du kan lese meir om TT på fylkeskommunen sine nettsider
Korleis kan du søkje?
Har du sterke og varige funksjonsnedsettingar som gjer at du ikkje kan nytte det vanlege kollektivtilbodet, kan du søkje om TT. Dette gjer du til kommunen der du bur.
Søknadsskjema
Når du søkjer, må du fylle ut søknadsskjema og leggje ved legeerklæring.
Søknadsskjema om tilrettelagd transport (TT)
Søknaden skal sendast inn på trygg måte. Du kan gjere dette anten digitalt med e-dialog frå kommunen sine nettsider eller med papirpost. Du skal ikkje sende søknaden med e-post.
Innsending frå kommunen sine nettsider kan gjerast her: eDialog, sikker digital post
Trygg innsending med papirpost kan gjerast til denne adressa:
Åseral kommune
Gardsvegen 68
4540 Åseral