Referat frå møte i Samarbeidsutvalet ved Åseral barne og-ungdomsskule

Referat frå møte i Samarbeidsutvalet  ved Åseral barne og-ungdomsskule 06.05.26

Referat – Samarbeidsutvalet 

Åseral barne- og ungdomsskule
Dato: 6. mai 2026

Til stades:
FAU: Herdis Assev, Gunvor Ljosland og Birgitte Vabo Nesland
Elevråda: Mie Oline Repstad, Knut David Abelseth, Tomas Tveit Auestad og Endre Tveit 
Auestad
Politikar: Natalie Smeland Sannes møtte som vara.
Tilsette: Tone Astrid Flodquist, Jon Stian Arnesen, Stine Irgens Tveite
SFO-leiar: Kari-Anne Fosse
Rektor (sekretær): Jo Tore Berg
I tillegg møtte Ida Beate Mikkelsen frå Byremo og Åseral politistasjon

Sak 1 – Opning av møtet
Herdis Assev vart leiar og møteleiar.
I følge Forskrift om skulereglar og organisering av skuledemokrati i Åseral kommune skal 
Samarbeidsutvalet ha minimum 3 faste møter pr. skuleår.
Rektor beklaga at samarbeidsutvalet ikkje har hatt møte tidlegare i skuleåret.


Sak 2 – Førebygging i samarbeid med politiet
Politiet orienterte om førebyggjande arbeid og understreka betydninga av godt samarbeid 
mellom skule, heim og lokalsamfunn.
Hovudpunkt:
• Sal av vapingprodukt, alkohol og snus til mindreårige er ulovleg. Politiet er 
avhengige av tips for å kunna følgja opp slike saker.
• Førebygging handlar om å vera i forkant og verna barn og unge.
• Politiet ønskjer å vera synlege og tilgjengelege, og at ungdom ikkje skal vera redde 
for dei.
• Viktig med fokus på trafikktryggleik, inkludert gyldig førarkort og ansvarleg åtferd.
• Brot på reglar kan medføra registrerte åtvaringar.
Innspel og drøfting:
• Behov for meir informasjon om konsekvensar av ulovleg køyring, særleg på 
ungdomstrinnet.
• Politiet kan delta på trafikkdag ved skulen.
• Samarbeidsutvalet ønskjer meir fokus på psykisk helse og rusførebygging.
• Vaping i skuletida er ei utfordring.
Tiltak som vart foreslått:
• Politiet og helsesjukepleiar samarbeider om informasjon om vaping for 
mellomtrinnet og ungdomstrinnet til hausten.
• Vaping som vert teke opp som tema på foreldremøte til hausten.
• Informasjon til tilsette om gjeldande røykeforbod.
• Viktig med felles regler og tydeleg praksis blant tilsette på skulen og godt samarbeid 
med heimane for å setja tydelege grenser.
• Politiet kan kort informere om konsekvensar for ulovleg køyring kvart år på til dømes 
trafikkdagen (nullvisjonen)


Sak 3 – Butikkordning for 10. klasse
Dagens ordning er at 10. klasse kan gå til butikken i matfri, med krav om at mat og drikke 
vert konsumert før retur til skulen.
Innspel:
• FAU er oppteken av å avgrensa eller avslutta ordninga
• Fleire elevrepresentantar ønskjer at 10.klasse kan gå på butikken i matfri
• Kantina serverer sunn og næringsrik mat og ordninga bør bidra til at elevane tek 
gode val.
Foreslåtte løysingar:
• Alternativ 1: Butikkbesøk éin dag i veka (fredag)
• Alternativ 2: Ikkje butikkbesøk på dagar med tilbod om varmmat.
• Alternativ 3: Ikkje lov med butikkbesøk.
• Saka vert diskutert av FAU på nytt og sender det til rektor for endeleg avgjersle


Sak 4 – Trafikk som valfag
Skulen kan tilby trafikk som valfag på skulen. Trafikalt grunnkurs kan vera ein integrert del 
av faget dersom læraren har godkjent kurs. 
Kompetansemål: Mål for opplæringen er at eleven skal kunne 
• utforske og gjøre seg kjent med trafikken i nærmiljøet og foreslå konkrete 
trafikksikkerhetstiltak 
• reflektere over og vise hvordan trafikksikkerhetsutstyr kan redusere ulykker og 
skader 
• drøfte faktorer som har betydning for mobilitet, folkehelse og miljø 
• utføre livreddende førstehjelp og tiltak på et skadested for å ivareta egen og andres 
helse og sikkerhet 
• beskrive trafikken i et historisk perspektiv og drøfte utfordringer i dag og i fremtiden 
• reflektere over og vise hva det innebærer å opptre trygt og ansvarsfullt i trafikken og 
diskutere etiske dilemmaer i trafikken
Innspel
• Valfaget vil auka kompetanse på viktige område som trafikktryggleik, fyrstehjelp og 
tiltak på ved ulykker hos ungdommane
• Å inkludera trafikalt grunnkurs som ein del av valfaget vil bidra til sosial og 
økonomisk utjamning
• Representanten frå politiet var særs positiv til faget
Konklusjon
Samarbeidsutvalet tilrår at skulen arbeidar for å innføra trafikk som valfag med trafikalt 
grunnkurs som integrert del..


Sak 5 – Grusbane - asfaltering og ljos
Idrettslaget og elevrådet har teke opp behovet for oppgradering av grusbanen før
Innspel:
• Området er mørkt og lite tilrettelagt.
• Grusbana har ikkje vore prioritert til no.
• Det vert støvplager frå bana, særleg i samband med aktivitet og i friminutt.
Konklusjon
Samarbeidsutvalet tilrår oppgradering av grusbana.


Referat skriven av Jo Tore Berg