Referat frå Samarbeidsutvalet 26.10.26
Sak 1: Val av leiar for Samarbeidsutvalet 2026–2027
Organiseringa av Samarbeidsutvalet er fastlagd av forskrift om skulereglar og organisering av skuledemokrati, Åseral kommune, Agder.
Susanne Aasland vart leiar.
Sak 2: Høyring om permisjonsreglement
Forslaget inneber nokre endringar og presiseringar frå noverande permisjonsreglement.
Samarbeidsutvalet hadde inga høyringsuttale.
Sak 3: Høyring om skuleruta
Forslaga til skulerute for 2027–2028 og 2028–2029 følgjer forslaga for heile Agder.
Samarbeidsutvalet hadde inga høyringsuttale.
Sak 4: Satsingsområde for skulen 2026–2027
Skulen har følgjande satsingsområde for dette skuleåret:
- Den autoritative vaksenrolla
- SMART-eigenskapar
- Helsefremjande skule
- Dysleksivenleg skule
Sak 5: Økonomien til skulen
Skulen har økonomiske utfordringar og går mot eit meirforbruk på 3 millionar kroner i 2026. Framover må skulen bruke mindre pengar enn han gjer dette skuleåret.
Sak 6: Valfag i trafikk
Skulen har sendt ein tilsett på trafikalt grunnkurs for lærarar i offentleg skuleverk, med økonomisk støtte frå Trygg Trafikk. Intensjonen er å sende ein tilsett til på kurs våren 2027 og starte opp valfag i trafikk hausten 2027.
Eventuelt
Elevrådet tok opp at ballbingen har slitt og dårleg dekke. Elevrådet og skulen undersøker om det er mogleg å få eksterne midlar til vedlikehald av ballbingen.
Neste møte
- 1. februar kl. 16.00
- 5. april kl. 16.00
Referat frå møte i Samarbeidsutvalet ved Åseral barne og-ungdomsskule 06.05.26
Møtereferat
Referat – Samarbeidsutvalet
Åseral barne- og ungdomsskule
Dato: 6. mai 2026
Til stades
FAU: Herdis Assev, Gunvor Ljosland og Birgitte Vabo Nesland
Elevråda: Mie Oline Repstad, Knut David Abelseth, Tomas Tveit Auestad og Endre Tveit
Auestad
Politikar: Natalie Smeland Sannes møtte som vara.
Tilsette: Tone Astrid Flodquist, Jon Stian Arnesen, Stine Irgens Tveite
SFO-leiar: Kari-Anne Fosse
Rektor (sekretær): Jo Tore Berg
I tillegg møtte Ida Beate Mikkelsen frå Byremo og Åseral politistasjon
Sak 1 – Opning av møtet
Herdis Assev vart leiar og møteleiar.
I følge Forskrift om skulereglar og organisering av skuledemokrati i Åseral kommune skal
Samarbeidsutvalet ha minimum 3 faste møter pr. skuleår.
Rektor beklaga at samarbeidsutvalet ikkje har hatt møte tidlegare i skuleåret.
Sak 2 – Førebygging i samarbeid med politiet
Politiet orienterte om førebyggjande arbeid og understreka betydninga av godt samarbeid
mellom skule, heim og lokalsamfunn.
Hovudpunkt
• Sal av vapingprodukt, alkohol og snus til mindreårige er ulovleg. Politiet er
avhengige av tips for å kunna følgja opp slike saker.
• Førebygging handlar om å vera i forkant og verna barn og unge.
• Politiet ønskjer å vera synlege og tilgjengelege, og at ungdom ikkje skal vera redde
for dei.
• Viktig med fokus på trafikktryggleik, inkludert gyldig førarkort og ansvarleg åtferd.
• Brot på reglar kan medføra registrerte åtvaringar.
Innspel og drøfting
• Behov for meir informasjon om konsekvensar av ulovleg køyring, særleg på
ungdomstrinnet.
• Politiet kan delta på trafikkdag ved skulen.
• Samarbeidsutvalet ønskjer meir fokus på psykisk helse og rusførebygging.
• Vaping i skuletida er ei utfordring.
Tiltak som vart foreslått
• Politiet og helsesjukepleiar samarbeider om informasjon om vaping for
mellomtrinnet og ungdomstrinnet til hausten.
• Vaping som vert teke opp som tema på foreldremøte til hausten.
• Informasjon til tilsette om gjeldande røykeforbod.
• Viktig med felles regler og tydeleg praksis blant tilsette på skulen og godt samarbeid
med heimane for å setja tydelege grenser.
• Politiet kan kort informere om konsekvensar for ulovleg køyring kvart år på til dømes
trafikkdagen (nullvisjonen)
Sak 3 – Butikkordning for 10. klasse
Dagens ordning er at 10. klasse kan gå til butikken i matfri, med krav om at mat og drikke
vert konsumert før retur til skulen.
Innspel
• FAU er oppteken av å avgrensa eller avslutta ordninga
• Fleire elevrepresentantar ønskjer at 10.klasse kan gå på butikken i matfri
• Kantina serverer sunn og næringsrik mat og ordninga bør bidra til at elevane tek
gode val.
Foreslåtte løysingar
• Alternativ 1: Butikkbesøk éin dag i veka (fredag)
• Alternativ 2: Ikkje butikkbesøk på dagar med tilbod om varmmat.
• Alternativ 3: Ikkje lov med butikkbesøk.
• Saka vert diskutert av FAU på nytt og sender det til rektor for endeleg avgjersle
Sak 4 – Trafikk som valfag
Skulen kan tilby trafikk som valfag på skulen. Trafikalt grunnkurs kan vera ein integrert del
av faget dersom læraren har godkjent kurs.
Kompetansemål
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
• utforske og gjøre seg kjent med trafikken i nærmiljøet og foreslå konkrete
trafikksikkerhetstiltak
• reflektere over og vise hvordan trafikksikkerhetsutstyr kan redusere ulykker og
skader
• drøfte faktorer som har betydning for mobilitet, folkehelse og miljø
• utføre livreddende førstehjelp og tiltak på et skadested for å ivareta egen og andres
helse og sikkerhet
• beskrive trafikken i et historisk perspektiv og drøfte utfordringer i dag og i fremtiden
• reflektere over og vise hva det innebærer å opptre trygt og ansvarsfullt i trafikken og
diskutere etiske dilemmaer i trafikken
Innspel
• Valfaget vil auka kompetanse på viktige område som trafikktryggleik, fyrstehjelp og
tiltak på ved ulykker hos ungdommane
• Å inkludera trafikalt grunnkurs som ein del av valfaget vil bidra til sosial og
økonomisk utjamning
• Representanten frå politiet var særs positiv til faget
Konklusjon
Samarbeidsutvalet tilrår at skulen arbeidar for å innføra trafikk som valfag med trafikalt
grunnkurs som integrert del..
Sak 5 – Grusbane - asfaltering og ljos
Idrettslaget og elevrådet har teke opp behovet for oppgradering av grusbanen før
Innspel
• Området er mørkt og lite tilrettelagt.
• Grusbana har ikkje vore prioritert til no.
• Det vert støvplager frå bana, særleg i samband med aktivitet og i friminutt.
Konklusjon
Samarbeidsutvalet tilrår oppgradering av grusbana.Referat skriven av Jo Tore Berg