Våre kanalar
Kommunen si SMS-varsling
Åseral kommune har høve til å varsle befolkninga via SMS/e-post/talemelding, dersom det skulle være behov for det. Til dømes ved kriser og uforutsette hendingar.
Åseral kommune brukar varslingsløysinga UMS Everbridge. Dette er eit viktig verkty i kommunen sitt beredskapsarbeid.
Døme på når kommunen sender SMS-varsel:
- Dersom ein treng publikum sin hjelp i til dømes leiteaksjonar
- Dersom vi treng å nå ei spesifikk målgruppe som ikkje er på internett
- Dersom vi er avhengig av at publikum følger gitte råd, for eksempel smittevernråd/forbod under pandemien.
- Ved andre eventuelle lokale kriser/hendingar
Les mer om varslingsløysinga vår her.
Nasjonalt naudvarsel på mobil
I 2023 blei også ei nasjonal varslingsmoglegheit lansert: Naudvarsel.
Dette er norske styresmakter sitt verkty for å nå befolkninga ved akutte og alvorlege hendingar som truer liv og helse. Eit naudvarsel inneheld informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.
Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varsles og som sender ut sjølve varselet.
Døme på når styresmaktene sender naudvarsel:
- Ekstremver som truer liv og helse
- Radioaktivt utslepp
- Alvorleg terror
- Angrep mot Noreg / krig truer
- Andre ulykkes- og katastrofesituasjonar
Les mer om nasjonalt naudvarsel her.