Om Minne kultursenter

Minne kultursenter stod ferdig i 2010 og er eit moderne bygg med historiske røter. Senteret er teikna av arkitekt Sverre Svendsen i Ratio Arkitekter, og er utforma med tydeleg inspirasjon frå landskapet rundt. Forma på bygget speglar dalføra og bind Ljosland og Bortelid saman.

Fasaden er kledd med osp frå Øydna sagbruk, handsama med jernvitrol, medan pipemuren er bygd i skifer frå Høgås. Materialvala er gjorde med tanke på både tradisjon, varigheit og lokal forankring.

Namnet Minne kjem frå garden Minne som tidlegare låg på staden. Ordet Minne viser òg til munningen av elvane Monn og Logna, som renn ut i Øre.

Minne var ein gammal gard, og i 1880 vart det bygd nytt fjøs, stall, låve og eit stort våningshus med ni rom, kjøken og kjellar. Rundt hundreårsskiftet fungerte eigedomen som lensmannsgard, med tilhøyrande fengsel, og i seinare tid vart staden driven som pensjonat.

Utanfor kultursenteret finn du Minnestien, utforma av Turid Uldal.

I dag rommar Minne kultursenter mellom anna lokale utstillingar og vert òg nytta til arrangement og kulturelle aktivitetar.

About Minne Cultural Centre