Me treng fleire tilkallingsvikarar, både på Åseralsheimen og ute i heimetenesta.

Me søkjer etter deg som

  • ønskjer å arbeide med eldre
  • er lære- og samarbeidsviljug
  • er fleksibel og arbeidssom

 

Det vil vere ein fordel om du går du på helsefagleg utdanning, men andre kan og søkje. Opplæring vil bli gitt.

Har du ledig tid på kveld, helg og i feriar og tenker at dette kan vere noko for deg?

Ta gjerne kontakt for spørsmål – eller send ein kortfatta søknad til: camilla.verdal@aseral.kommune.no