Stad: Gamle gymsal, Åseral barne- og ungdomsskule
Når: onsdag 11. september kl. 18.00 – 20.30
Påmeldingsfrist: måndag 9. september - Meld deg på her
Servering: frukt og grønt, kaffi og te
Kven kan delta?
Me er mange i Åseral som er opptekne av fritida til barn og unge og den positive effekten deltaking har på dei og på lokalsamfunnet vårt. ALLE barn og unge bør kunna vera med og for å få til det må me samarbeide på tvers. Frivilligheita og sivilsamfunnet, næringslivet, politikarar og kommunen er invitert til dugnaden:
- Alle frivillige lag og organisasjonar i Åseral kommune
- Alle engasjerte Åseral-folk som vil bidra
- Næringslivet
- Alle relevante tenesteområde i kommunen som jobbar med barn og unge
- Representantar frå den politiske og administrative leiinga til kommunen
Kva er ALLEMED-dugnaden?
Me inviterer til ein tverrfagleg dugnad der me saman bruker dialogverktøyet ALLÉMED for å skapa diskusjon og finna løysingar på korleis me i fellesskap kan jobba for å få alle barn og unge med i fritidsaktivitetar. ALLÉMED er eit gratis verktøy utvikla for å auka forståinga for fattigdom og utanforskap blant barn og unge, og for å sikra inkluderande arbeid for å få alle med. Dugnaden blir leidd av ein profesjonell prosessrettleiar frå Nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og unge (NDFU). Les meir på: www.allemed.no
Ved spørsmål - ta kontakt med barnehage- og skulefagleg rådgjevar i Åseral kommune, Lene Øyulvstad: Lene.Oyulvstad@aseral.kommune.no