Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Val 2021

FØREHANDSSTEMMING

Fram til og med 10. september kan du førehandsstemme i vallokaler over heile landet.

På grunn av pandemien oppmodar me dykk til å stemme på førehand.

Print

Er du i KARANTENE eller i ISOLASJON valdagen?

Veljarar som er manntalsført i kommunen og er i karantene eller i isolasjon kan få avgje si røyst på valdagen. 

ER DU I KARANTENE:
Røystinga vert utført frå veljaren sin bil - DRIVE-IN-RØYSTING

RING TLF 977 38 848 ELLER 38 28 58 00
INNAN MÅNDAG 13.09. KL. 10:00 for å avtala tid. 
Fristen er landsdekkjande og må overhaldast.

 

ER DU I ISOLASJON:
Røystinga vert utført i heimen hjå veljar eller der veljar oppheld seg.

RING TLF 977 38 848 ELLER 38 28 58 00 
INNAN MÅNDAG 13.09. KL. 10:00 for å avtala tid. 

Fristen er landsdekkjande og må overhaldast.

Print

Røyste heime?

Det er mogleg å røyste heime eller der du oppheld deg dersom du er sjuk/ufør og har vanskeleg for å koma deg til røystelokale.

Kontakt servicekontoret på telefon 38 28 58 00 for å avtale tidspunkt.

SISTE FRIST FOR Å SØKJE OM HEIMERØYSTING: 10.09. kl. 10:00.

Førehandsrøystinga held fram til 10. september.

Print

Stikk og stem!

Er du blant dei som skal vaksinerast på rådhuset onsdag 25.8 eller 1.9? Då har du moglegheit til å førehandsrøyste til stortingsvalet 2021 i same slengen!

STIKK OG STEM FACEBOOK

No får du digitalt valkort

Denne veka sender Valdirektoratet ut 3,5 millionar digitale valkort. - Dette markerar starten på valet, seier direktør Bjørn Berg.

Frå den 10. august er det mogleg å førehandsrøyste til årets stortingsval i alle kommunane i landet. Før den tid sender Valdirektoratet ut valkort til alle som kan røyste.

Print

TIDLEGSTEMMING

Om det ikkje er mogleg for deg å stemme på førehand i ordinær periode eller på valdagen kan du frå 1. juli tidlegstemme.

Kontakt Åseral servicekontor, tlf. 38 28 58 00, for å avtale tidspunkt.
Hugs legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete).

Print

UTLEGGING AV MANNTAL

Manntalet blir lagt ut til offentleg gjennomsyn på Åseral rådhus og på Minne kultursenter (biblioteket) frå og med måndag 12. juli og heilt fram til valdagen 13. september.

Har du meldt flytting frå ein kommune til ein annan innan 30. juni 2021, står du i manntalet i kommunen du flytter til.
Har du meldt flytting etter 30. juni 2021 er du manntalsført i kommunen du flytter frå.
Skjæringsdato er 30. juni og mottaksdato for flyttemeldinga er avgjerande.

Har du merknader/klage på oppføring i manntalet, må du vende deg skriftleg til:
Valutvalet i Åseral, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL eventuelt post@aseral.kommune.no

Print

I ÅR FÅR DU DIGITALE VALKORT

Valkortet vert sendt ut til din digitale postkasse eller i Altinn. Dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har nytta deg av ID-porten på 18 månadar, vil du motta valkortet på papir i posten.
Du treng ikkje valkort for å stemme i heimkommunen. Valkort er ikkje legitimasjon.

Valkortet er ein stadfesting på at du har stemmerett og du tek kortet med deg om du røyster på førehand i andre kommunar.

Print
1 | 2