Tilskot til kulturarbeid for lag og foreiningar

Alle som driv frivillig kulturarbeid i Åseral kommune kan søkje om midlar, kultur har 40.000,- til fordeling.

Korleis søkje:
Søknadsskjema sendes til Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540  ÅSERAL.
NB! Søknader som er poststempla etter fristen vil ikkje bli handsama.

Bruk søknadsskjema: 

Kulturpris og kulturstipend

Kven fortener Åseral kommune sin kulturpris eller kulturstipend?
Nominasjonar til kulturprisen med grunngjeving kan sendes kulturkonsulenten innan 1. september (kvart år)

 

STATUTTAR FOR ÅSERAL KOMMUNE SIN KULTURPRIS OG KULTURSTIPEND 

1. Oppvekst og kulturutvalet disponerar ein årleg sum på kr, 10.000,- til kulturpris og kr. 10.000,- til kulturstipend. Både pris og stipend kan delast ut kvart år om det ligg føre eigna kandidatar. Stipendet kan og delast på fleire, om Oppvekst og kulturutvalet ynskjer det.

2. Føremål med kulturprisen er å heidre einskildpersonar eller organisasjonar som har utmerka seg enten med stor innsats i det lokale idretts- og kulturliv, eller som har utmerka seg kvalitetsmessig som utøvar og såleis er ein viktig ambassadør for Åseral kommune.

3. Føremål med kulturstipendet er å medverke til å stimulere kunstnarisk eller sportsleg talentutvikling og aktivitet. Stipendet skal oppmuntre einskildpersonar frå Åseral kommune som har valt å satse innan områda kunst, kultur og idrett, eller som på annan måte representerar eit potensiale for kommunen.

4. Utlysast i Åsdølen/infosida/kommunens heimeside innan 1. august.

5. Nominasjonar til kulturprisen med grunngjeving kan sendes kulturkonsulenten innan 1. september. Eige søknadsskjema er ikkje naudsynt.

6. Søknadsfrist for kulturstipend vert sett til same dato, 1. september. Eige søknadsskjema er naudsynt, og skal vere tilgjengelig via kommunens nettsider samt på kommunens servicekontor. Søknaden sendast til kulturkonsulenten.

7. Mottakar av både kulturpris og kulturstipend vert avgjort av Oppvekst og Kulturutvalet. I utgangspunktet er det ynskjelig å halde offentliggjering og utdeling hemmeleg fram til eit passande arrangement, men om så ikkje er forlsteneleg i einskilde tilfelle,vil overrekkinga skje ved årets siste møte i kommunestyret. Uansett arrangement skal ordføraren stå for sjølve utdelinge. 

8. Pris og stipend består av gåveskjekk, diplom og blomar. 

9. Om ingen eigna kandidatar ligg føre etter 1. september vert resterande sum overført til det årlige tolskotet til kulturarbeid. 

10. Statuttane for Åseral kommune sin kulturpris og kulturstipend vert gjeldande frå 1. mars 2006. 

(Åseral 13. februar 2006, Olav Åsland, Leiar Oppvekst og kulturutval)