Sesongen 2020/2021:
Tildeling av treningstider i fleirbrukshuset for sesongen 2020/2021 vert gjort nå i desse dagar. Frist for innmelding: 01.10.2020.
Har du eller ditt lag ynskje om treningstid i hallen eller i symjehallen, kan du melda dette til ann.kristin.tollefsen@aseral.kommune.no
Privatpersonar kan tinge symjehallen, men organisert aktivitet har prioritet.
Ved private treningar/bookingar i symjehallen må brukaren påreikna at det kan koma andre i bassenget utan forvarsel.

Ved innmelding av treningstider er det ynskjeleg med flg. informasjon:
Kva lokale
Treningsdag
Treningsklokkeslett
Aktivitet
Lag
Kontaktperson m/telefonnummer og e-postadresse.

Aktivitetar må meldast inn for kvart år.

 

Understreker at det per dags dato ikkje er ope for trening for vaksne over 20 år i hallen eller privat aktivitet i symjehallen.

Det sendast sjølvsagt ut mail om det skulle bli endring på dette 😊