TILBOD OM PLASS VED SUPPLERENDE OPPTAK
Plassar som blir ledige utanom hovudopptaket tildeles fortløpande til aktuelle søkjare. Vi kan ikkje sei kor lang tid det vil ta før du får tilbod om plass. Ventetida er avhengig av når det blir ledige plassar i barnehagen.
TILBOD OM PLASS I HOVUDOPPTAKET
- Dei fyrste tilbodane (den fyrste opptaksrunden) sendast ut medio mars.
- Etter kvar opptaksrunde blir det nye ledige plassar fordi nokre takker nei til tilbod, eller seier opp plassen sin. Desse plassane tilbys søkjare i neste opptaksrunde.
FRIST FOR Å SVARE
Svarar du ikkje innan fristen, kan du risikere å miste plassen.
DERSOM DU TAKKAR JA TIL TILBOD OM PLASS
- Lovfesta rett til plass i hovudopptaket er oppfylt når du får tilbod om plass i kommunen sin barnehage.
- Har du fått tilbod om barnehageplass, men ikkje på ditt fyrste ønskje, kan du velgje å takke ja til plassen og fortsatt stå på venteliste.
DERSOM DU TAKKER NEI TIL TILBOD OM PLASS
- Takker du nei til tilbod om plass i hovudopptaket, kan du risikere å måtte vente til neste hovudopptak for å få eit nytt tilbod, fordi få plasser blir ledige utanom hovudopptaket.
- Dersom du allereie har barnehageplass mistar du ikkje denne plassen dersom du takker nei til nytt tilbod.
KLAGE PÅ TILBOD OM PLASS
Du kan klage ved hovudopptaket dersom du meinar det er begått ei saksbehandlingsfeil. Klagefristen er tri veker etter du mottok vedtaket.
Dersom kommunen imøtekjem klagen skal du tilbys fyrste ledige plass etter at barn med lovfestet rett til prioritet er tilbudt plass. Dersom du ikke får medhold i klagen, går saken videre til klagenemda i kommunen.