Ope kvar dag heile sumaren!

Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren. Her kan du kome å lese dagsferske avisar på biblioteket, du kan prøve dei freshe styltene som står på utsida, eller du kan sette deg og nyte ein is i ro og mak.

Kaffistova sel kompe, rjomegraut, pizza, kaffi, slush, smoothie, is, cookies, donuts, frappe med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.

På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.

Dokumentarfilmen Gardsliv i Åseral - Premiere 1. juli

Laurdag 1. juli klokka 14:00 blir det storstilt premierefest i Åseral fleirbrukshall!
Bonde og folkemusikar Aasmund Nordstoga leiar oss gjennom festen med filmframsyning, musikk, song, helsingar og offisiell opning av utstillinga som står på Minne kultursenter.
 
 
For ei tid tilbake tok Åseral Bondelag initiativ til å lage ein film med glimt frå gardslivet i Åseral gjennom tida.
Med seg på prosjektet fekk dei Åseral sogelag og Åseral kommune.
Resultatet har blitt ein fyldig film, der ein gjennom intervju, bilete og filmklipp, syner gardslivet slik me kjenner det i dag og slik det ein gong var – i gamle dagar.
Det er og laga ei utstilling, faktisk historias største utstilling på Minne kultursenter!
Arrangementet er ope for alle.
Billett kjøpast i døra.
 
Filmen kan du sjå på Minne kvar dag resten av sumaren, klokka 12:00 og 14:00.

Gardsdag på Minne 8. juli

Klokka 10:00 opner vi dørene for årets familiedag på Minne!
I løpet av dagen kan du besøke forskjellige stand som nortura, jæren toppmat, Tine, Saug og geit, agder bondelag, skogeigarlaget og landbruksrådgivning. 
Det blir fleire lokale utstillarar her denne dagen som viser deg handtverk av forskjellig slag, og du kan få sjå korleis ein røyker fisk.

Det blir demonstrasjon av saueklypp, skoing av hest og vi får sjå ein dreven sauehund i aksjon.

Vi arrangerer fleire aktivitetar og konkurranser for store og små, som blant anna øksekasting og mjølkespannhalding. Her er det altså fritt fram for å måle styrke mot naboen ;)

Veteranbilhelg - 15. og 16. juli

Denne helga vil Kyrkjebygd bugne av veteran- og amcarbilar, det blir gudsteneste, dans, trekkspillmusikk, samlarmesse, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!

Laurdag 15. juli:
- Antikk og samlarmesse i fleirbrukshallen
- Ljosland fjellstove sel mat i kantina på skulen

Sundag 16. juli
- Veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00
- Hægebostad trekkspilklubb speler opp til dans på Minne klokka 14:00
- Antikk- og samlarmessa i fleirbrukshallen er ope frå 11:00-17:00