Forsidebilde.jpg

Utvandringa frå Åseral til Amerika
Som mange sikkert har fått med seg har vi jobba med to nye filmdokumentarar om utvandringa frå Åseral til Amerika. Dei har premiere 4. juli, og du kan sjå filmane på Minne kvar dag etter dette!

Utvandringa til Amerika blei redninga for mange menneske frå Agder. Berre frå Åseral var det over tusen personar som reiste vestover før fyrste verdskrig. I forbindelse med dette er det blitt produsert to dokumentarar som begge omhandlar utvandringa til Amerika, men i forskjellige tidsepokar.

Filmdokumentaren «Hunting for land» omhandlar Torgeir Anderson som var blant dei fyrste som utvandra frå Åseral til Amerika. I 1861 reiste han frå Ljosland i Åseral over fjellet til Sirdal, vidare til Stavanger og derifrå med seglskute til Quebec i Canada. Videre gjekk turen med elvebåt til Milwaukee, så til fots vidare inn i Midtvesten. Vi har følgd i fotspora hans heile vegen frå Ljosland i Åseral til grava hans i Minnesota.

Dokumentaren «Frå flor til floor» omhandlar Amerika i etterkrigstida. Her har vi konsentrert oss om spesielle hendingar Åsdølar opplevde, som blant anna Åseralsjenta som vann Miss Norway-tevlinga i USA, og då Stavangerfjord mista roret på veg heim til Noreg under ein orkan.

Etter premieren blir filmane vist på Minne 3 gonger kvar dag, klokka 11:00, 13:00 og 15:00.

Ope kvar dag heile sumaren!

Tradisjon tru held Minne ope kvar dag heile sumaren. Her kan du kome å lese dagsferske avisar på biblioteket, du kan prøve dei freshe styltene som står på utsida, eller du kan sette deg og nyte ein is i ro og mak. I forbindelse med filmane om utvandringa til Amerika har vi ei temautstilling. Her kan du blant anna leite etter slektningar i lista over dei som har reist frå Åseral til Amerika. Vi har og laga «ei heil amerikareis» i eplehagen, ei aktivitetsløype med oppgåver for både store og små. 

Kaffistova sel kompe, rjomegraut, kaffi, slush, smoothie, is, cookies, donuts, frappe med meir kvar dag! Her kan du altså få både varm mat og kald dessert gjennom heile sumaren.

På Minne finn du og turistkontoret i Kyrkjebygd. Ta gjerne turen innom og få med deg gode tips til turar og aktivitetar rundt om i heile kommunen.

American Night

Sundag 11. juli inviterer vi alle ungdom og unge vaksne frå 8. klasse og opp til American Night med grilling, konkurransar og drive-in kino i eplehagen!

Er du svolten kan du denne kvelden få kjøpt nygrilla burgere og hot dogs. Er du berre kjesken kan vi by på popcorn, sukkerspinn, slush, is, frappe, milkshake, smoothie, donuts og meir!

Det blir musikk ute heile kvelden. Vi har leigd ei rodeo-okse for anledninga, og det vil sjølvsagt bli konkurranse på denne.

Denne kvelden køyrer vi American style over heile lina, og oppmodar alle til å kle seg i 50-60-tals rockabilly outfit. Premie for beste antrekk!

DRIVE-IN KINO I HAGEN:
Du får tildelt ein plass til din ATV/UTV/moped/plenklyppar/sykkel i hagen. Har du ikkje eigna doning (eller blir det ubehageleg å sitje på sykkelen heile filmen) kan du sjølvsagt sitte på plenen. Vi har nok av stolar og sitjeunderlag.

Glasfasaden på Minne vil bli dekka med eit lerret, og klokka 23:00 sveiver bygdekinoen i gong film her. Vi har ikkje fått bekrefta kva for ein film det blir endå, men vi kjem med info på facebook så fort vi veit!

Arrangementet er eit samarbeid mellom One80, Ungdomsklubben og Minne.

Veteranbilsundag

18. juli vil Kyrkjebygd bogne av veteranbilar, det blir gudsteneste, dans, trekkspillmusikk, mykje god mat og kake, og ikkje minst god stemning!

Dagen startar med veteranbilgudsteneste i Åseral kyrkje klokka 11:00, med påfølgjande sal av kompe og kake på bedehuset og Minne. Oppas hus helt ope heile dagen, og Ljosland Fjellstove kjem til Austrud med matvogna si. Klokka 14:00 speler Hægebostad trekkspelklubb opp til gåmåldans på Minne.

Bornas dag og Demodag

Sett av datoen! 24. juli har vi endelig gleda av å igjen kunne invitere til sumarens gøyaste familiedag på Minne!

Flinke handtverkarar kjem og demonstrerer kva dei driv med, og Anna frå «Plutselig sirkus» kjem og held heile to sirkusshow og sirkusskule for born mellom showa.

Vi kan vente oss demo av blant anna knivsmiing, treskjæring, dreiing, røyking av fisk og keramikk. Det er heller ikkje utenkeleg at det dukker opp nokre blålys i løpet av dagen.