Vedtaket vart som følgande:

- Åseral kommune gir ei eingongsstøtte for perioden April 2022 til og med Mars 2023 til husstandar på grunn av den høge straumprisen.

- Husstandar med samla brutto inntekt på mindre enn kr 450 000 i 2021 får kommunal støtte med kr 20 000.

- Husstandar med samla brutto inntekt på mindre enn 650 000 får kommunal støtte med kr 10 000.

- Husstandar som får dekt straumkostnadane gjennom økonomisk sosialhjelp er ikkje omfatta av ordninga.

 

Kva må du gjere for å få dette utbetalt?
Du må søke via dette skjemaet og legge ved skatteoppgjør for 2021 innan søknadsfristen.
NB! Det er ein føresetnad at folkeregisteradresse på søknadstidpunktet er i Åseral kommune!

 

Søknadsfrist
30. november 2022

 

Er noko uklart eller du treng hjelp?
Ta kontakt med Unni Berntsen på epost ube@aseral.kommune.no eller telefon 908 80 129


SØKNADSSKJEMA KOMMUNALT STRAUMTILSKOT 2022