På grunn av lågt antal tildelte doser vil det dei neste 14 dagane ikkje bli nokon vaksinering av nye personar då desse dosene må nyttast til andre vaksineringsrunde for dei som har fått 1 dose. Fram til er alle som er fødd før 1940 (og som vil) blitt vaksinert. Alle personar over 65 år har fått ein telefon med tilbod om vaksine og vil få dette så snart kommunen får fleire vaksiner. I god tid før dette er på plass vil neste gruppe bli kalla inn.

Dette er prioriteringsrekkefølga per no: 

Bebuarar i sjukeheim og utvalde helsepersonellgrupper
Alder 85 år og eldre og utvalte helsepersonellgrupper
Alder 75-84 år 
Alder 65-74 år OG personer mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand
Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand 
Alder 55-64 år 
Alder 45-54 år

Du kan lese meir om dette på Helsenorge.no