Tilrådingar:

  • Barn og unge under 20 år kan delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne.
  • For vaksne er tilrådinga om ikkje å drive organisert aktivitet innandørs vidareført. Utandørs kan vaksne trene dersom det er mogleg å halde god avstand
  • Kulturarrangement som framsyning, oppvisning og liknande, samt kurs/konferanse og trus- og livssynseremoniar bør utsetjast dersom desse samlar personar frå fleire kommunar
  • Alle bør avgrense sosial kontakt i størst mogleg grad. Det vert difor oppfordra til å møte andre utandørs og ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar i heimen i tillegg til dei som allereie bur saman.

Reglar:

  • Maksimalt 10 personar kan vere samla på private samlingar i leigde lokalar utanfor eige heim (gjeld og i alle kommunale bygg som ulike møtelokale og grendehus). Utandørs er grensa 20 personar for private samlingar
  • Maksimalt 10 personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar og liknande. Ved bruk av fastmonterte stolar i fleirbrukshallen er talet 150 og i kinosalen er talet 35. I gravferd kan det vere inntil 50 personar. Utandørs arrangement har ei grense på 200 personar.
  • Det er forbod mot skjenking av alkohol fram til midnatt 21.01.21. Frå og med 22. janaur gjeld følgande som er henta frå regjeringa si heimeside: "Helse- og omsorgsdepartementet følger nå opp Stortingets flertallsvedtak. Forslaget spesifiserer ikke hvilke tidspunkter alkoholserveringen skal skje innenfor. Departementet har derfor valgt å følge FHIs anbefaling fra 14. januar om å innføre samme tiltak som var gjeldende nasjonalt før skjenkestoppen ble innført 4. januar. Det vil si at det blir skjenkestopp ved midnatt, og gjester kan ikke slippes inn etter kl. 22.00. Alkoholservering kan kun skje i sammenheng med matservering.

    - Gjennom dette har Stortinget prioritert gjenåpning av alkoholservering. Det betyr at andre lettelser kan bli skjøvet ut i tid fordi det er summen av tiltakene som har effekt på smittespredningen, sier Høie.

    Endringene skal gjennomføres så raskt som mulig, med ikrafttredelse midnatt natt til fredag 22. januar. Det gjør at kommuner med høyere smittetrykk får to døgn til å fatte vedtak om fortsatt skjenkestopp eller strengere regler enn de nasjonale regler. Kommunene kan ikke vedta mindre strenge regler enn de nasjonale."

Desse tilrådingar og reglar gjeld inntil regjeringa kjem med nytt!

Kriseleiinga i Åseral kommune
18. januar 2021