Verksemdene vil få eit tilskot for å ha ungdom i arbeid, så vis initiativ og spør/søk gjerne etter sommarjobb i forkant. Du kan ikkje ha sommar-jobb både i kommunen og i ei verksemd dersom verksemda får tilskot for å ha deg i arbeid.

Arbeidsperioden er i år i utgangspunktet 2 veker, men det vil være aktuelt å fordele arbeidstimene (75 timer) over fleire veker der dette er naudsynt for å løyse arbeidsoppgåvene.
Det er eit vilkår at du går på skule/studerer og er heimehøyrande* i Åseral.
( * Registrert i Folkeregisteret med bustadadresse i Åseral kommune.)

Søknadsfrist: 13. mars 2020.
Søknadar som kjem inn etter søknadsfristen vil ikkje bli handsama.

 

TIL SØKNADSSKJEMA