SØKNADSFRIST 

Søknadsfrist er 1. mars. for hovudopptakets plassar som blir ledige frå august. Du kan søkje om plass heile året. Dersom det er ledig plass er det suppleringsopptak gjennom året. 


KRAV TIL SØKJER

Du kan søkje om barnehageplass utan at barnet bur i kommunen, men barnet må ha bustadsadresse i kommunen ved oppstartdato.
Du må ha personnummer til deg sjølv og barnet, samt e-postadresse og mobilnummer. Ta kontakt med kommunen om du venter på å få personnummer.


I HOVUDOPPTAKET

Barn må vere fylt eit år innan utgongen av november
Barn har rett til plass frå den månaden dei fyljer 1 år.
Føresette må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars 

Kun barn med lovfesta rett til plass er garantert eit tilbod i hovedopptaket, og retten er innfridd når du mottek tilbod om plass i ein barnehage i bustadskommunen. Andre barn vil få tilbod dersom det er ledig plass. Hovudopptaket avsluttast når alle søkjare med lovfesta rett til plass har fått eit tilbod. Har du barn fødd i september, oktober eller november kan du ønskje oppstart før barnet er eit år, men har ikkje rett på plass før den månaden barnet fyljer eit år.

Tildelt barnehageplass behaldast ut barnehageåret det året barnet byrjar på skulen, så lenge betaling for plass innfris, og barnet bur i kommunen.

Søkje barnehageplass

Informasjon om korleis du søkjer finn du på oppvekstportalen