Alle til og med gruppe 7 skal no ha fått tilbod om vaksine. Dersom du høyrer inn under nokre av desse gruppene, men ikkje har høyrt frå oss ennå? Ta kontakt med vaksinasjonskontoret på tlf. 948 41 555.

Innkalling for vaksinasjon i veke 28 er sendt ut. Plan for vaksinering dei neste 2 vekene er:​
Veke 28: Byrjar vaksinering av personar født før 1972 - 1973
Veke 29: Byrjar vaksinering av personar født før 1977

Ettersom kommunen berre veit kva vi får av vaksine dei påfølgande to veker er det vanskeleg å planlegg vaksinasjon i eit lenger perspektiv. Etter planen skulle det bli ei massevaksinering i slutten av juli, men leveransen av vaksine er noko usikker. Åseral har så langt berre fått vaksine frå Pfizer-BioNTech.

Folk vil bli kontakta av kommunen når tid for vaksinering nærmar seg.

Prioriteringsrekkefølge koronavaksine (FHI):

  1. Bebuarar på sjukeheim. Alder 85 år og eldre
  2. Alder 75-84 år  
  3. Alder 65-74 år og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp.
  4. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  5. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  6. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  7. Alder 55-64 år  
  8. Alder 45-54 år 
  9. Alder 18-24 år og 40-44 år
  10. Alder 25-39 år

Frivillig vaksinering med Janssen vaksine

Regjeringa har opna for friviljug vaksinering med Janssen vaksine. Dersom du ynskjer dette må du bestille legetime for å få ei vurdering.

Koronasertifikat

Koronasertifikatet syner om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet dersom du har negativ koronatest.
Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løysinga for sertifikatet vil bli trinnvis utvikla. Du kan logge deg inn i sertifikatet ditt og lese meir om dette på Helsenorge.no.

Ikkje digital brukar?

Det er laga ei løysing for ein utskriftsversjon av sertifikatet for deg som ikkje bruker mobil, nettbrett eller PC.

Har du ikkje tilgang til helsenorge.no kan du også gje andre fullmakt til å skrive ut koronasertifikatet ditt. Saksbehandlingstid for fullmakter er minimum 30 dagar. Merk at ein slik fullmakt gir innsyn til fleire helseopplysningar som er tilgjengeleg i andre digitale helsetjenestar på helsenorge.no

Nasjonale tiltak 24 juni 2021