Kommunen har så langt berre fått vaksinedosar til folk over 65 år og er i gong med vaksinering av folk med underliggande sjukdommar (meldt inn av fastlege) i høve til vaksinasjonsplanen til FHI. Vi reknar med å få sett fyrste dose for gruppe 5 og 6 i neste veke. I veke 24 vil vi byrje på gruppe 7 og deretter følgje denne med innkalling etter alder. Ettersom kommunen berre veit kva vi får av vaksine dei påfølgande to veker er det vanskeleg å planlegg vaksinasjon i eit lenger perspektiv, men kommunen er lova at talet på doser vil auke utover sommaren. Kommunen planlegg for massevaksinering i veke 29, 30 og 31 då vi er lova mykje vaksine. Åseral har så langt berre nytta vaksine frå Comirnaty Phizer

Folk vil bli kontakta av kommunen når tid for vaksinering nærmar seg.

Prioriteringsrekkefølge koronavaksine (FHI):

  1. Bebuarar på sjukeheim. Alder 85 år og eldre
  2. Alder 75-84 år  
  3. Alder 65-74 år og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorlig forløp.
  4. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  5. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  6. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  7. Alder 55-64 år  
  8. Alder 45-54 år 
  9. Alder 18-24 år og 40-44 år
  10. Alder 25-39 år