Alle til og med gruppe 7 skal no ha fått tilbod om vaksine. Innkalling for vaksinasjon i veke 25 er sendt ut. Etter at desse dosene er sett, har følgande grupper fått minst ei dose:​
- Dei som er født fram til 1962
- Dei som er over 18 år i høg risiko (meldt inn av sin fastlege) 
- Dei som er over 18 år i moderat risiko (meldt inn av sin fastlege) 
- Prioritert helsepersonell

Dersom du høyrer inn under nokre av desse gruppene, men ikkje har høyrt frå oss ennå? Ta kontakt med vaksinasjonskontoret på tlf. 948 41 555.

Ettersom kommunen berre veit kva vi får av vaksine dei påfølgande to veker er det vanskeleg å planlegg vaksinasjon i eit lenger perspektiv. Etter planen skulle det bli ei massevaksinering i slutten av juli, men leveransen av vaksine er noko usikker. Åseral har så langt berre fått vaksine frå Comirnaty Phizer.

Folk vil bli kontakta av kommunen når tid for vaksinering nærmar seg.

Prioriteringsrekkefølge koronavaksine (FHI):

  1. Bebuarar på sjukeheim. Alder 85 år og eldre
  2. Alder 75-84 år  
  3. Alder 65-74 år og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp.
  4. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  5. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  6. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand 
  7. Alder 55-64 år  
  8. Alder 45-54 år 
  9. Alder 18-24 år og 40-44 år
  10. Alder 25-39 år

Frivillig vaksinering med Janssen vaksine

Regjeringa opna sist veke for friviljug vaksinering med Janssen vaksine. Dersom du ynskjer dette må du bestille legetime for å få ei vurdering. Legen må så bestille denne vaksinen og få den tilsendt før den kan setjast. Kommunen får ikkje tilsendt denne automatisk og kan heller ikkje tinge inn eit parti då den blir reseptbelagt.

Koronasertifikat

Koronasertifikatet syner om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet dersom du har negativ koronatest.
Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løysinga for sertifikatet vil bli trinnvis utvikla. Koronasertifikatet for innanlands bruk var på plass klart frå 11. juni. Du kan logge deg inn i sertifikatet ditt og lese meir om dette på Helsenorge.no.