Det er for tida ingen personar utanom dette i isolasjon/karantene.

Kommunen har så langt berre motteke Pfizer si koronavaksine. Alle bebuarar på sjukeheimen og i omsorgsbustadene, som ynskjer det, er vaksinert med 2 dosar.

Me er i gong med prioriteringsgruppe 4, som er aldersgruppa 65 - 74 år, samt personar mellom 18 - 64 år med sjukdommar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp.

9 personar som er definert som kritisk helsepersonell (legekontor, rus, sjukeheimen og habilitering) er så langt vaksinert.

I Åseral er det i skrivande stund 91 personar har fått 1. dose, 51 av desse har i tillegg fått 2.dose. I den næraste tida vil fleire bli vaksinert då intervallet mellom 1 og 2 vaksine er auka frå 3 – 6 veker.

Me syner elles til artikkel om påsketiltak på kommunen si heimeside