Praktisk gjennomføring:
- Det er skytteren som skal ha all kontakt med reven som er skoten.
- Heile reven vises fram, høgre klo (ulvekloa) klyppes/fjernes av skytteren, bondelaget har utstyr til å klyppe med.
- Kvar rev skal registrerast i eige skjema av bondelaget sin representant.
- Det betalast ikkje ut premie til rev som er påkøyrt i trafikken, sjølvdau, eller som openbart ikkje ber preg av human avliving.
- Skytteren tek med seg reven for kassering på eigna stad/miljøstasjon.
- Utgangspunktet er kr. 500 pr. rev. Dersom budsjettposten til bondelaget ikkje held, blir summen redusert pr. rev. Utbetalinga til den enkelte skytter vil gjerast i slutten av desember 2024.