Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Sjå filmen "Den lokale villreinhistoria i Åseral"

Fekk du ikkje med deg filmen då den hadde premiere? Då bør du setje av ein times tid laurdag 14. januar for å sjå den!
I filmen kan du høyre om jegarar og anna heiefolk fortele om sine møte med villreinen i Åseral. Korleis nytta villreinen åseralsheiane før og korleis er stoda i dag?

Det vert to framsyningar denne laurdagen:
Ljosland skisenter, varmestova kl. 1600
Bortelid alpinsenter, varmestova kl. 1900

Det vert sal av mat og drikke - vi håpar å sjå deg!

 

Arrangør: Minne kultursenter og SVR v/ verneområdeforvaltar Jørn Haug

Sist oppdatert 18. januar 2023