Skriftstørrelse

Minne kultursenter

minne Kultursenter

Sommaren 2010 blei Minne Åseral kultursenter opna. Senteret synar Åserals kulturarv og kulturliv, med ei arkeologisk utstilling, bygdemuseum, kunstutsal, turistinformasjon, filmsal med lokalhistoriske dokumentarar, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein mellom anna kan nyte utekonsertar. Gjennom året arrangerast det faste og skiftande utstillingar og arrangement. Minne er ein møteplass kor folk treffast fast kvar veke, Åseral husflidslag har faste aktivitetar for born og vaksne, Åseral frivilligsentral har tilhaldsstad her og lokale lag og foreiningar lånar lokale.

Minne kultursenter på Facebook

  • Last updated on .
Åseral kommune