Skriftstørrelse

Helsestasjon

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod til alle born og unge og deira føresette. Tilbodet omfattar svangerskapsomsorg, helsestasjon 0-5 år og skulehelseteneste 6-20 år. Tilbodet er gratis.

Helsestasjonen

har som formål å:

- fremja fysisk og psykisk helse
- fremja sosiale og miljømessige høve
- forebyggja sjukdommar og skade

gjev tilbod om:

- svangerskapskontrollar
- heimebesøk
- helseundersøking, rettleiing og rådgjeving om barn si utvikling
- støtte og rettleiing i foreldrerolla
- barselgrupper
- vaksiner
- støtte og hjelp til barn/familiar med spesielle behov
- tverrfagleg samarbeid

Ved helsestasjonen arbeider jordmor, helsesjukepleiar, fysioterapeut og lege.

Vaksineprogram for barn 0-5 år

Skulehelsetenesta i Åseral

Har som formål å:

- fremja fysisk og psykisk helse
- fremja sosiale og miljømessige høve
- forebyggja sjukdommar og skade

Gjev tilbod om:

- helseundersøking, helseopplysing og rettleiing individuelt og i grupper eller klassevis
- støtte og hjelp til barn/familiar med spesielle behov
- tverrfagleg samarbeid

Helsesjukepleiar har kontor på skulen der ho har ei open dør, for behov som melder seg.Helsesjukepleiar deltek i ulike samarbeidsfora ved skulen.

Kontakt:

Kontaktperson helsestasjon:

Hildegunn Sangesland 975 30 758 / 38 28 59 06

Kontaktperson skulehelseteneste:

Kristine Tøsse tlf: 94 16 59 45 / 38 28 59 06

Besøksadresse:
Helsehuset, Gardsvegen 66, 4540 Åseral

 

 

  • Last updated on .
Åseral kommune