For Åseral kommune sin del betyr dette at rådhuset vil halde stengt for fysisk vitjande fram til og med 18. januar, då dei fleste vil arbeide frå heimekontor i samsvar med regjeringa sine tilrådingar.

Sentralbordet vil vere ope i same tidsrom som tidlegare mellom kl 09:00 og 14:00.

Biblioteket vil halde oppe som normalt, men resten av Minne kultursenter vil vere stengt på dagtid.

Kriseleiinga har i samråd med idrettslaget blitt einige om å stenge for all fysisk aktivitet i fleirbrukshuset (fleirbrukshall, symjehall og treningssenter) i tida fram til og med 18. januar.
Dette gjeld ikkje for skulen sin aktivitet på dagtid.

Kommunale smittevernreglar for kommunale bygg er endra i høve til nasjonale tiltak. 

Smittevernreglar ved bruk av fleirbrukshall til møter-revidert 4 januar 2021.pdf

Smittevernreglar ved bruk av grendehus i Åseral-revidert 4 januar 2021.pdf

Smittevernreglar ved bruk av Minne kultursenter-revidert 4 januar 2021.docx.pdf